Ikkje at toppturar er det eg er mest oppteke av, men har kanskje nokre tips likevel.
Det er ei rekkje med fjell på ca. 1300-1500m som ligg på sørsida av Raundalen (Reimegrend ligg i Raundalen): Horndalsnuten, Seldalsnuten, Skipadalsnuten, og kanskje nokre fleire, hugser ikkje akkurat no... Her er det fleire moglege toppturar. FF hadde ein artikkel om ein av toppane for ei tid sidan. http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=10162
Eit anna alternativ kan vere Oksen i Granvin. Har berre vore der om sommaren sjølv, men trur det kan vere ganske fint om vinteren og. Kart:http://hvor.no/kart/sok/?q=oksen+Fylke%3A12&coord=AHMpR8kAIG7NSkoAAKBSRlAAAHMpRwYgbs1KBuM5rUM=:T2tzZW4gVWxsZW5zdmFuZw==
Det beste her er kanskje å setje bilen på Tjoflot (du ser det på kartet), eller ein annan stad lengre aust. Veit ikkje korleis det er å køyre ned her, so kva stad som er best eigna, det kan eg ikkje seie.