Det vart 3-4 timar søvn natt til i dag og opp på Grøtdalstindane i strålande sol og faktisk ein del fersk pudder i dag istadenfor. Vart så grått den 30. Hadde ein tur på Verhaldet (igjen) nyttårsaftan, men der var det vind og fokksnø, brukbart med litt kraftige ski, men ikkje så fint som den 29. desember...
Men Grøtdalstindane var strålande, perfekt side - hadde absolutt heile sida for meg sjølv - 1250 høgdemeter med pudder heilt ned, litt skare siste 50 høgdemeter.
Dei karane som var der første dagen hadde ikkje berrerent frå Himmelporten, men heilt frå toppen...
Eg sette igjen skia litt nedanfor.
Kjempetur, sjølv om eg måtte gå opp sporet på nyttpga 10-15cm nysnø... men kan ikkje klage på for mykje pudder!
http://orsta.org/gallery/jul2005/grotdalstindane/