Ein av mine favorittar om sommaren eller vår/haust er Vassfjøro i Ulvik kommune. Køyr til Ulvik, fortsett inn til den vetle plassen Osa, og følg dalen innover her (ikkje følg vegen til Osafjellet, sjølv om det er mogleg og). Du kjem etter ein fin tur opp til ein idyllisk støl som heiter Osete. Frå her har du mange valg, blant anna å fortsetta inn mot Finse etc. Men Vassfjøro ligg no rett opp til venstre, på ca 1631 meter. Fantastisk utsikt. Treng nokon meir informasjon er det berre å sei frå, her ligg iallfall nokon bilete:
http://uwplatt.facebook.com/album.php?aid=2011756&l=7fafa&id=184803809