Er heilt einig i mange av desse forslagene. Horndalsnuten er spesielt god - sjølv om det gjerne kreves litt sikre snøforhold før den virkelig kan nytast. Eit litt sikrare alternativ kan vera å gå opp her frå Skaftedalen, som ligg etter 10 min køyring av hovedveien rett før Skjervet (storfossen mellom Voss og Granvin). Held du meir til høgre innover denne dalen blir der ikkje dei verste oppstigningane. Denne dalen må dessuten opplevast på sommaren!
Ellers er min personlige favoritt rekka med fjell innerst i Sørfjorden (i Granvin kommune); Oksen (omtalt på friflyt, men som oftast blir ei an rute brukt om vinteren), Ingebjørgsnuten, og Midtfjell er alle på rundt 1200-1300 meter og spesielt Ingebjørgsnuten er heilt fantastisk for vinter med valg mellom lange slake og lange bratte fjellsider, i tillegg til skogkøyring. Oksen og Midtfjell er best på sommaren, men på alle måtar kjempegreier og om vinteren. Du klarar å ve innom alle 3 på ein god dag.