Hei! Sit no i kafe-en i hemsedal og må berre konstatere at eg ikkje orkar å gå etter å ha kjøyrt telemark i max 1 time med pauser heile tida. Grunnen er smerter eg har hatt sidan første gongen eg tok på meg telemark-støvlane. Har dog merka smerter i både skisko og joggesko men ikkje denne ekstreme smerta eg har fått under føtane. Eg spør derfor om hjelp til å kunne vite kva som er gale med føtane mine, er eigentleg ganske irritert fordi eg i forige sesong bestemte meg for å prøve ut telemark og kjøpte då flunkande nytt utstyr. Eg hadde prøvd telemark før men kun med litt gamlare sko av skinn og dei var ikkje så vonde. Har prøvd ut det meste med varmetilpassa såler og såkalt baking. Ser at eg burde ha skrivi dette med litt meir orden og avsnittar men brukar mobilen så det er ikkje så lett.
Nokon som har litt ein aning kva det kan vere?