Litt usikker på om det alt er ein tråd på forumet som omhandla voksing av ski, men eg slenge den no inn her under Telemark. Vist det ikkje er frå før, så er det kansje ein ide å lage ein tråd, sia dette på mange måter er ei eiga "greie" innan skisporten.
Har drive å voksa skia mine sjølv dei siste åra. Eg har alltid praktisert å sause skia godt inn med voks. Eg smelta voksen på strykejernet og lar det dryppe ned på skia. Det medfører at ein bruka ein del voks.
Eg har sett mange som vel å smelte voksen litt på jernet, for så å gni voksklumpen på skia for å fordele voksen utover. Går så over med strykejerne etterpå. Om ein gjer det på denne måten så bruka ein vesentlig mindre voks.
Sia god voks har ein relativ stiv pris, så lure eg på om det faktisk er nødvendig av meg å sause skia inn med mykje voks? Har det noko effekt i det heile, eller er det nok å gni voksen direkte frå voksklumpen ned på skia?