Har vore trufast Rottefella kunde frå fyrste dag eg kjøpte meg eit par med telemarkski. Etter den dagen har eg kjøpt og brukt 4 rottefella bindingar. Det heile starta med dei gode gamle R8 bindingane og endte med NTN. R8 er ein upåklagleg binding som ein kan stole på, men kjem diverre litt kort med dagens utvikling og krav til gåfunksjon som vi ser på nye 75mm bindingar.
Rottefella reklamerte med at dei ville komme med ein ny modell som skulle heite R8 Free, men denne kom aldri på markedet slik eg forsto. Skulle likt å vite årsaka til det? Skuffande var det iallefall.
NTN var eit trist kapittel for min del. Nytta denne bindingen i fjor, noko som resulterte i at eg var like ofte på sportsbutikkar for å sende den til reparasjon som eg var på på ski. Fekk riktig nokk alltid reparert skaden gratis på grunn av garanti. Bytte fronthuset på bindingane 3 gonger, men likavel kom problema som ei perle på ei snor. Noko seier meg at rottefella har eit alvorleg problem med bindinga. Det er veldig synd sidan bindinga er ein draum å køyre på, men eg er nokk redd problemet ligg i at det er for mange dela som skal fungere ilag under ekstrem belastning. Det vil rett og slett aldri fungere slik som bindinga er konstruert idag. Ein telemarksbinding må vere konstruert av få og robuste delar.
Mitt verste tilfelle var når eg stod på toppen av Gjertvasstind klokka 19:00 på kvelden og skulle køyre ned igjen før det blei mørkt. Når eg tok på meg skia, merka eg at heile fronthuset var laust. Tørr ikkje tenke på kor surt det hadde vore om bindingen låsna heilt.
Ein kan fikse bindingen så mykje ein vil, men no er problemet noko heilt anna. Eg stola rett og slett ikkje på bindingen lenger. Bindingen kan ikkje nyttast til langturar.
Som eg skrive tidlegare i innlegget, så har eg vore ein trufast kunde hjå rottefalla, så eg tenkte eg kunne hjelpe dei med å forklare problema med bindingen og komme med forslag til forbetringar i ein mail. Sendte denne mailen for ca eit halvt år sidan. Eg venta fortsatt på svar....
Kva kundebehandling er detta då Rottefella?
Eg er per dags dato den heldige eigar BD 01 binding. Gleda meg til å teste desse til vinteren. Har ein smule meir trua på desse.
Takk og farvel RottefellaDette blei ein trist slutt på noko so bra.