Som eit tips lagar Hasle veldig gode båtar.
Eg har sjølv ein Exurtion og fruen ein Explorer. Dei er raske og fine og padle tykkjer eg og tåler skikkelig juling. Eg anbefalar å sjå på dei modellane med utenforliggande ror og ikkje innanforliggande ror slik som Exploreren har.
Hasle erog norskprodusert dersom det er viktig for dykk. Fabrikken ligg i Askim og Eploreren til Min fru er "B vare" kjøpt rett frå fabrikken for den nette sum av 8000kr inklusive åre, vest og sprutrekk. Feilen på dene var eit feilborra hol til rorlinene som var tetta og godt som gull. Andre feil kan vere litt fargenyansefeil.
Ellers er min erfaring at eg brukar nesten aldri roret, men når eg først har bruk for det er det kjempekjekt å ha. Som foreksempel i sidevind.Då har kajakane ein tendens tilå snu seg opp i mot vinden. Med senkekjøl må ein heller kompansere med å kante båten noko som eg finn slitsomt i lengda.
Begge dei du linkar til er sikkert gode båtar....men eg ville berre tipse omat det finnast rimelegare og norsproduserte varer på markedet 