Eg jobbar i butikk og køyrer telemark sjølv. Etter å ha snakka med K2 og Rottefella og fulgt utviklinga og diskutert med kunder, har vi landa på midtmontering. Dvs at midtpunktet på skoen vert montert på bootsenter på skia. (ofte må ein måle opp eit midtpunkt på skoen sjølv, fordi det er ikkje vanleg at det er markert på telemarksko). Det ein må vere obs på, er at det er ein del ski som er meint for jibbing. Desse skia har ofte fleire monteringsforslag. Der brukar eg å følge den bakerste. Jibbemonterte ski er for dei som vil jibbe, og dei fleste telemarkkøyrarar vil ha ei ski for laussnø, så der brukar eg å følge det bakerste punktet, om ikkje kunden spør om jibbe- montering. Dersom ein følger montering som er ment for turski, så kjem ein som regel 10 cm lengre bak på skia, og det kan vere mykje..