Eg har sjølv tre gutar og ei jente, henholdsvis 10, 8, 6 og 1,5 år. Dei to største starta med telemark i år etter fleire år med slalomski og langrennski. Han på 8 køyrde Tinderittet junior(Dyrhaugsryggen) på slalomski, som 6 åring(av eigen fri vilje). Erfaringane mine er vel at dei må utfolde seg på alle typar ski. Ein tur på langrennski er heller ikkje å forakte, det gjer godt for balansen.Eg har ikkje kjøpt noko fancy utstyr men helde meg stort sett til brukt slik at eg kan ha meir utstyr som dei kan velja i. Dei køyrer på Garmont Veloce(37) og Riva 3 og Scarpa T2(39) og Chili.Dette fungerer fint.Tenk vekt og sjølvsagt sikkerheit. Og som nevnt i tidlegare innlegg må ein ikkje minst tenkja på å behalda skigleden.