Hallo,

Har stått telemark i 3 år nå, for det meste preparert. Er for tida på folkehøgskule og har linje og valfag som inneholder mange toppturar i sunnmørsalpene.

Står idag på eit par Fischer big stix ski med rottefella r8, lengde rundt 185, 113-74-10 ca.Har merka at skia flyter dårlig på pudder og tenkte derfor å skaffe meg nye ski med meir breidde.

Bruken min er i år mest topptur, mens til neste år meir 50/50, så vil gjerne ha ski som er ok til begge deler, men mest fokus på off-pist. Vil gjerne ha meiningar om binding og støvel også.Vil ikkje sette ein fast prisklasse no, så berre gi meg tips.

Fekk av min lokale sportsbutikk tilbud på eit par Voilè Insane 183 med switchback binding til rundt 7000, og synst igrunn skia virka veldig bra sjølv om eg ikkje har hørt så mykje om dei, men er skeptisk på om lengda på skia (183), passer meg som er 190 og 87kg.