Eg bur i hjartet av sunnmørsalpane, kjøpte mine første telemarkski (Åsnes A-ski) i siste halvdel av det berømte 80-talet og har trakka mine høgdemeter rundt omkring i liene her. -men no er eg klar for nye ski, og problemet er då kva ein skal kjøpe. Der er store mengder ski og velje mellom, og eg lurer på kva som er den store forskjellen mellom randonè og telemarkski. Kan ein setje telemarkbindingar på ei randonèski, eller vil ikkje dette fungere? Ser kanskje for meg Volkl sin Snowwolf eller noko liknande, men dette er etter det eg forstår ei randonèski. Håper på avklaring her.....