Eg er enig i mykje av det som vert skreve her, men er litt tvilande til om søksmål vil føra med seg noko godt. Som fleire andre her så kjøpte eg bindingen i fjor, før sesongen starta. Dette skjedde direkte etter at eg hadde vore på eit utsalg og snakka med representant frå Rottefella. Eg blei ikkje informert om at eg var noko testperson eller at dette var eit halvferdig produkt. Sjølvsagt så er ein klar over at det med nye produkt alltid er litt småfeil. Det som er tingen, og som mogleg er nevnt før, er at om det var ei halvferdig utgåva som kom i fjor så burde den så absolutt ikkje ha kosta det same som den som kom i år. No har det seg slik at eg har hatt ein del problem med min binding, båe når det gjelder fjører (fekk opplyst feil fjør i forhold til mi vekt av Rottefella noko som førte til at to skidagar gjekk til pokkers), problem med tåpartiet på bindingen i tillegg til at eg fekk tildelt ein defekt binding som mangla delar av skistopparen. Eg skal ut i verda for å stå litt på ski til vinteren og er særs skeptisk til å dra med meg denna bindingen på tur. Greit nok så kan eg ha med meg eit lass med ekstradeler, men det er særs lite fristande å mekka på binding nok ein sesong. Det gjorde eg myyykje i fjor!
Rottefella skal ha mykje ros for god service etter at dei sendte meg ekstra tubes og litt reservedeler i fjor, men om det har seg slik at det etterkvart vil bli vanskeleg å få tak i deler så veit eg ikkje. Eg har ikkje råd til splitter nye bindingar i år igjen, det er sikkert. Når det er mykje problem med eit produkt, så er det reklamasjon. Etter 2-3 (?) ganger så har ein vel rett på nytt?
Håpar nokon i frå, eller med kjentskap til, rottefella kjem med eit innspel om kva situasjonen blir. Blir det produsert reservedeler og evt kva vil dei ligga på pris? Går det an å få oppgradert bindingen sin osv..