Artig tråd. Starta for min del opp på Åsnes MT 54, lengde 205 cm, og alpina telemark tøffel. Spennet på skia var så kraftig at ein måtte ta hardt i med begge nevane for å klemma dei saman på midten. Har aldri eigd eit par Tua sjølv, men hugsar gyldne augneblinkar i minst 1 meter pudder på lånte Tua Colibri. Desse skia hadde faktisk kjerne av balsatre (same treslag som vi bygde modellfly av), noko som kom tydeleg fram då den eine skia knakk rett bak hælen på skoen. Men lette det var dei, det skal dei ha!