Heisann!
Kor mykje utstyr har folk eigentleg med seg, eller rettare sagt PÅ seg når dei går på tur.
Eg har alle dei 3 "S"ane som som ein skal ha med seg på tur samt ryggplate. I det siste har eg også vurdert å kjøpe ein avalung for å overleve lenger under snøen dersom eg vert teken av skred.
Det eg då lurer på er om nokon har ei formeining eller veit korleis det er å gå på tur med skredsøker, avalung, ryggplate, og sekk på samstundes? Er det ubehageleg eller går det fint?