Legg merke til "jada" sin teori om at telemarksvingen æ te å bremse farta nedivi fjellsida og at ein meir upprest stil vil føre til større fart. Eg vil sei at i preparert løype vil du få ein sinnsykt større fart ved å ligge meir frampå og vera aggressiv, men viss du skø sjå på ein som køyrer fort i pudder kan du studere Henrik Haaland. Var ein reportasje i Fri Flyt hausten/forvinter 2002 trur eg om "sjelesladden" og den nye telemarkstilen som bjøndar å koma nå. Her er det nettopp det å ligge langt bakpå, og køyre litt meir "racing", som gjer at du fær ein enorm fart i pudder fordi du fær ein surfeeffekt og minimalt av skia til å bremse farten i pudderet. Skia borar seg i alle fall ikkje ned i sjon som den gjer viss du stend upprest.

Skø ikkje henge deg ut "jada", ikkje min intensjon, men ifølge den stilen som kjæm til syne blandt fleire og fleire frikøyrerar på telemark lurar eg kanskje på om den uppreste stilen gjeng litt vekk att, i alle fall nå som me heve fenge gode fatski som flyt som vannski...

Sjavsagt vil telemarksvingne bremse farta di, men det æ tross alt ein pris me æ villige til å betale... smile

Håpar det var til hjelp Lars. Ta ein kikk på dette bladet frå 2002, var hovudfokus på telemark i detta bladet.