Tippar mange har stilt dette spørsmålet før, men eg orka ikkje å leite gjennom alle diskusjonane, og kanskje er det komt nye svar til dette spørsmålet. Eg har no endeleg spart meg opp pengar til nye ski, er villig til å bruke opp til 5000 kr på dei, er det nokon som har nokon formeiningar om kva ski som er gode til laussnøvkøyring og kanskje litt til jibbing, men det viktigaste er at dei er bra for toppturar og pudderdagar på Strandafjellet? Kanskje er det nokon som har eit par dei vil kvitte seg med, eller nokon som veit om ein stad eg kan få gode ski? Har sett litt på Dynastar og Rossignol.