Men itillegg kan du stille på vippepunktet. Ved å trykke inn ei låsegreie å skyve ei skyvegreie framover, vil vippepunktet ligge nesten på tåa. Dette er svært fordelaktig ved gange, kjedeleg ved køyring. Du kan også flytte vippepunktet ganske langt bak, og vil få ein endå meir vridningstiv binding. Eg brukar å køyre i stillet på midten. Når det gjeld utløysarfunksjon på bindingar er vel det noko ein prøver å ikkje tenkje på. Har ikkje tenkt å bruke masse tusen på NTN som få har prøvd, og med mange smådelar som kan gå til Gehenna midt inne i Sarek eller noko.Då går eg heller over til rando. Det er jo mykje kjekkare.