Hei! Eg har gått på veileder linja til Øytun. Det er den som tilsvarar telemark/klatring på Lofoten. Det er ingen krav til forkunnskapar og nivå på Øytun. Itillegg til veileder har dei Offpist, som er ski og sykkel. Veileder er altså litt meir allsidig. Iløpet av året hadde me elvekajakk, klatring, bratt skikjøring, aleinetur, gruppetur, opptil 2 veke på bre, 10 dagar gjennom Sarek i nord-Svergie (eit hemmeleg alpint fjellområde), 6 dagar i Lyngen. Totalt hadde me vel ca 35 utedøgn i regi av skulen. Det er ikkje mange skular som kan skilte med det. Itillegg kjem utedøgn du og dine framtidige kompisar reiser på sjølv. Når det gjeld skikøyring trur eg det ikkje er nokon som køyrer brattare enn på Øytun. Lærarane der har lang erfaring i å ta med seg elevar i bratt terreng. Øytun er ein kjempebra friluftslivskule uansett linjeval. Lykke til.