Var meint som eit aldri så lite råd når d gjaldt 22 Design sin Hammehead-binding. Ser at du går ein del toppturar. Då er d etter mi meining desto større grunn til å vurdera Hammerhead. Har sjølv hatt Rottefella, men på dei 3 siste skia har eg hatt Hammerh. Går sjølv ein del toppturar, og opplever denne bindingen overlegen som gå-binding i høve til R8. Den er mykje meir fleksibel, og har betre justeringsmuligheiter. Og ikkje minst; den er solid! Du kan m.a. lesa om den på sidene til Oslo sportslager.