Det eg erfarte med Skyhøy bindingen var at side-stabiliteten var extremt bra sjølv om bøyemotstanden var minimal. Forsøkte å stramme inn G3 bindingen min for å auke stabiliteten. Gjekk på tryne i første sving:surprised ettersom eg fekk for mykje framvekt i laussnøen. Dagens kabelbindingar oppfordrar til å henge bak på skallet til dei høge T1 skoa... Eg meiner at ein mistar mykje av skikjensla når du ikkje får stå rett over skia. Kanskje eg må gå tilbake til dei gamle Rottefella SuperTelemark bindingane...?