Starte med å skrive at eg ikkje har erfaring med Hammerhead, men har tenkt å få det. Har nett kjøpt meg eit par brukte Dynastar racing storslalomski, som eg har vil montere Hammerhead på.(so om nokon har brukt Hammerhead å selge er det berre å ta kontakt)MEN eg har erfaring med BD01 og Mantra 08/09. Brukte dette siste sesong. Var på ski på anlegga i Nordfjord og Stranda+ ei veke i Frankrike- 10-12 toppturar: Skåla-Slogen Kvitegga osv. Fungerte feilfritt og er særs godt nøgd. Spesielt det å få opp skituppen når du går i djup snø har denne bindingen løyst genialt. Men som med alt anna oppstår det sikkert problem med denne og, men hitill er det maks skiglede både med binding og ski.