Kan starte med at eg har Norrøna sin heildress og er godt nøgd. Trur kvaliteten på Sweet og Norrøna er ganske lik.

Positivt med dress er jo at det ikkje kjem snø inni kleda om ein skulle tryne (ikkje det at vi drive med tryning, men uansett :razz ). Anna enn det er det vel ikkje så mange argument til fordel for heildress kontra jakke og bukse.

Eit minus med dress er jo at ein ikkje har ei jakke å ta av, men no når det er kaldt ser eg ikkje at det er nødvendig å ta av noko på toppturar. Blir kanskje meir aktuellt til våren, men med god lufting og lite klede under har det gått fint for meg.

Om du skal gå veldig mykje toppturar så trur eg jakke og bukse er best, men om du held deg mest i trekket og går toppturar av og til, er det nok det same kva du velger.