Det er det første skredet i videoen eg reagerer aller mest på. Det viser dårleg haldning, eventuelt dårleg kunnskap, alt etter korleis ein er på det eller kansje begge deler. For å forsvare Anders litt her så er han ikkje ein av dei som køyrer den dagen det er filma, eller tar eg feil?.

Synst også det blir feil å rakke ned på at han vil ta kontak og å lære meir om skred.

Og til deg stianLa, kansje bedre å oppfordre på ein meir konstruktiv måte? Kansje er det deg neste gong, Skred går av og til på dei mest underlege tidspunkt og plassar. Dei aller fleste som er mykje til fjells og oppsøker bratt terreng, har eller vil få denne opplevelsen før eller seinare. Har sjølv vert i skred i myrkdalen og det gjer mykje læring, håpar dette er tilfellet også for dykk.

Eg er også kritisk til dei haldningane denne videoen får fram, men ein mnå også hugse på at dette er snakk om unge folk som har mykje å lære.

Men skaff dykk KUNNSKAP seier berre eg.