Det viktigaste er at du blir kjent med søkaren du kjøper, og at du lærer deg å bruke den og trenar med den. Då er det nesten det samme kva for ein du kjøper, men kjøp ein søkar med 3 antenner og som har både analogt og digitalt søkemodus. Då har du alle forutsetningar for at du blir finne, eller finn kompisen din vist noko går gale!

Personlig ville eg ikkje valgt Ortovox då desse søkerane ikkje er gode nok, og dette ser ein både i testar og ved eigen erfaring.

Eg hadde Pieps , men har nå gått over til Mammut Pulse. Veldig fornøgd med begge, men Piepsen hadde ikkje analogt modus. Det kan være ein stor fordel dersom du skadar skjermen slik at denne ikkje viser kor du skal leite.

Husk i tillegg å kjøpe søkestang og spade, viss du ikkje allerede har dette! Det hjelper ikkje å bare ha ein eller to av desse, du må ha alle for å kunne fungere 100% viss ulykka er ute!