Hei,
Eg køyrer Prior AMF med binding fra Spark R&D (Voile sitt system for feste mot brett). Har ikkje noko erfaring med Jones eller Karakoram, men ser at dei begge er produkt som ligg høgt i pris.
Kan anbefale Spark R&D sitt tesla system (som nemt i tråden). Det er veldig enkelt og robust, med lav vekt, og det går kjapt å skifte over fra køyre-modus til gå-modus. I tillegg ligg dei litt lågare i pris.
Når det kjem til brett vil eg ikkje anbefale Prior AMF som eit første brett. Her vil eg heller anbefale splittversjonen av Burton Flight Attendant. Har dette brettet som vanleg brett, og det er eit veldig stabilt og lettkøyrt brett. Duger både til pudder og carving. Det blir nok mitt neste splittbrett. Når det kjem til pris ligg Burton litt under dei andre (mest truleg av at dei er store og kan omsette fleire brett). Burton brukar Voile sitt system for feste av bindingar, så det passar saman med Sprak R&D sitt system (er faktisk Spark R&D som produserer Burton sin splittbinding).
Elles vil eg anbefale at du køpet teleskopstavar. Her er Black Diamond Compactor Ski Pole genial. Dette av di den passar fint opp i sekken, og då slepp du køyre med stavar som stikker opp av sekken.
Som sagt tidlegare i tråden, så er dette dyrt utstyr. Det er peng å spare på å kjøpe brukt. Dersom du er villig til å kjøpe nytt, kan eg nemne at session.no har tilbud på splittbrettpakker no.
Lykke til med valget!