Hei!  Traversering på hardt/isete underlag er alltid utfordrande med splitboard, så om det er tema så er skarejern til splitboardet nødvendig. Mi erfaring er at behov for skarejern dukker opp nokså fort om det blir snakk om traversering. Eit splitboard har ikkje same eigenskapane som eit par ski til traversering, noko som kjem av bredda og forma. Generelt så liker eg stive sko til både bakke og pudder, og har Deeluxe Vicious som er svært stive. Til splitboardtur blir dei litt for stive å gå med etter min smak. Til splitboard har eg faktisk tatt fram mine gamle Burton Invader som er veldig mjuke, men veldig gode å gå i.  Ein annan ting å ta med i betraktinga når ein skal på splitboardtur er at det fort blir veldig fuktig og varmt i skoen. Skal ein først bruke penger på noko dyrt ville eg sjekka om det fins noko som puster bra. Den største fordelen med stive sko til splitboard er etter mitt syn nedturen, og til (kun)1 lang nedtur så holder det lenge med mjuke sko. Mjuke sko som ikkje gnager og er lette og føyelige er digg på oppturen. Personlig har eg aldri savna stive sko til oppturen, men skarejernet er ofte eit savn om det ligger igjen heime smile