Karakoram clips gir stivere brett, men clips følger brett og er uavhengig av hvilken binding du kjøper.
At karakoramklips gir stivare brett er direkte feil. Det ser noko meir hitech ut, men faktum er at voile sine chineese hooks gir mykje betre støtte mellom "skiene". Eg har hatt begge deler, men kommer aldri til å bruke k-clips igjen. Eit anna iriterande moment med k-clips er at når dei vert litt slitt og slarkete bråker dei noko fryktelig, når dei slår mot brettet kvar gong du tar eit steg. Sjå f.eks på furberg som først leverte sine brett med voileclips, deretter eit par sesongar med k-clips har nå gjort same erfaringar som meg og gått tilbake til voile.
Når det kjem til bindingar vil eg seie at med det nye tesla/t1 systemet til Spark er desse bindingane heilt overlegne. Dei har bedre pivotpoint i gåmodus og større utslag i gåmodus.
Det andre er at sjølv om Karakoram har kome seg med prime er det på ingen måte slutt på isproblemet. Dette er nok eit punkt der spark er best i klassen. Spesielt til vårforhold, der ein ofte går frå varm snø i botn til minusgrader på toppane er det store problemer med ising på karakoram. (NB! eg har ikkje eigd Karakoram bindingar sjølv, observasjonane er baserte på opplevelsar frå bekjente og gjester.)
Eg kan varmt anbefale spark, eg har i år bytta ut mine 5år gamle spark blaze med nye spark Surge, og kunne ikkje vert meir nøgd.
-Håvard