Sitter og sikler litt på Kwicker systemet til K2, ganske rimelig i forhold til mykje anna, men usikker på korleis det duger til norske forhold. Kan vel kikke på det hvis du e nysjerrig ;)
Ventar fortsatt på K2 Ultra Split (+ Ultra Dream vanlig brett) frå USA, så har ikkje fått testa Kwicker splitbindinga endå. Men basert på første test av vanlig Kwicker binding i dag, så er det berre å kjøpe om du har mulighet (og lyst). Rett og slett fantastisk (enkelt). Har aldri latt meg påvirke av alskens såkalte proffar og forståsegpåarar som berre preikar negativ piss uten ein gang å ha testa det. Dette overgår alt eg både frykta og forventa.
Skoen (Stark i mitt tilfelle, alternativt Compass) er i utgangspunktet veldig stiv. Men dette styrer du enkelt sjølv ved å ikkje stramme til så masse, så blir den så mjuk og fleksibel du vil ha den. Snø og is i bindingsdelen i sålen er ikkje noke reelt problem. Litt plunder kan det vere av og til, men det er berre å trakke fleire gangar ned på låsekroken på bindinga, så trykker denne ut snø og is og lagar plass sjølv. Det tar uansett betydelig kortare tid enn å stroppe seg fast i ei vanlig binding. På den vanlige bindinga er det bittelitt dødgang i fleire retningar når skoen er låst fast, men dette skal vere slik. På splitbindinga finst det ikkje dødgang, men det skal også vere slik. Var litt skeptisk, men merka i grunnen ingenting til dødgangen. Faktisk er det så tight at eg har bedre kontroll på brettet enn eg noken gang har hatt med vanlig sko og binding i 15 år (riktignokk ein forholdsvis mjuk sko etter dagens standard men). Så dette angrar eg ikkje på i det heile tatt.
Sko (Stark og Compass) har ein listepris på 3500, vanlig og split binding 2500. Betydelig billigare enn latterlig dyre Karakoram. Madshus er norsk importør, Brown Couch er salgsagent.