Kuro er heilt OK å gå med, men det er ei brei og tung ski. Mine i 175 med baron og feller veger vel over 7 kilo. Går bra sålenge ein ikkje springer.Traversering på hardt føre er eit helv...
Vidare vil eg understreke at Kuro er ei ski meint for køyring utanfor løypa. Du kjem deg ned og kan carve svingar på mjukt underlag, men det blir ein del blafring og det å køyre rett fram er som å køyre på grytelokk.Desse skia kjem til sin rett ved leiken køyring etter mitt syn.Mine ski i 175 er perfekte for det eg brukar dei til som er nettop leiking. Du som er litt høgare enn meg og vil ha dne som einaste ski trur eg bør gå for 185.
Hadde eg skulle hatt ei ski som eg kunne ha glede av kvar dag ville eg gått for katana og i lengde 183 dersom du som du seier har ein god del skierfaring frå før. Spesielt sidan den har litt earlyrise/rocker.