Eg trur vi skal vere VELDIG forsiktig med å kalle det for eit "skredvarsel".Eg er og litt ambivalent til denne tråden. Eg synest det er greit å få vite litt om forholda i fjellet, men vurderingane bør ein vere i stand til å stå for sjølv om ein skal køyre utanfor løypene.

Eg føler meg iallefall ikkje kompetent eller fortruleg med å legge mine observasjonar ut her og sette eit tal på faregraden. Og såpass komplekst som skred er bør mange vere i min båt meinar eg. Eg vil iallefall ikkje at folk set livet til i eit område eg ut i frå mine observasjonar har ansett som trygt, det vil iallefall ikkje eg ha på samvitet mitt.

Mitt syn er at det er heilt flott alt folk legg ut sine OBSERVASJONER. Så får folk sjølve vurdere område og enkeltheng. Dersom nokon har guts til å legge ut sine vurderingar som igjen fører til at folk ellers senkar guarden bør dei ha infernalsk god peiling på skred.

Er nå mi meining..:razz