Kan på det varmaste anbefale Kuro, hadde min første tur på dei i dag i masse av lett lausnø, men hadde ikkje sjans til å drukne dei.

Eg har valgt mine i 175 fordi eg ønsker ei leika skogs ski primært. Dei svingar berre du tenker på å svinge og er veldig kjappe.

Velger du dei i ei lang lengde vil eg anta du også har ei nokså fatstabil ski. Det sagt så kjørte eg så tårene skvatt i dag utan at eg hadde nokon problem Prøvde også å "rygge" litt i dag og det fungerar heilt OK. Dei er jo ein god del smalare bak enn framme, så ideelt er det ikkje.

Var heilt høg på livet da eg kom nedatt frå toppturen. Inntrykket frå då eg demokjørte dei i vår sat framleis.. skia gjer akkurat det du vil den skal gjere og er veldig tilgjivande overfor pilotfeil og kuppert terreng. Svelger unna det meste.