Eg har 10-11 jones flagship, 11-12 hovercraft og 11-12 solution og har ikkje merka noko til dei omtalte kvalitetsproblema. Eg har jamnt over berre skryt og komme med ift Jones bretta.
Kva angår voile har eg ikkje køyrd dei sjøl, men eg har aldri høyrd noko anna enn at dei er solide, allsidige og lettkjørte brett. Relativt rimelege er dei og.
Prior har eg og gode erfaringar med. Eg har eit Prior spearhead og kvaliteten er uovertruffen. det er til gjengjeld ganske tungt, men ein ser på lett at det er kanskje det beste handverket eg har sett innen snøbrett, så eg har ingen problemer med å anbefale prior.
Sjekk og ut furberg snowboard sitt splitboard! Genial form, designa i Norge og ikkje minst ekstremt fin pris.
Kva angår bindingar har eg berre køyrd spark og har ingenting å utsette på dei. Karakorum ser og svært spennande ut og har bra kvalitetsrykte etter det eg har høyrt.
Når det gjeld krokane på brettet er det ikkje noko å henge seg opp i. Eg har brett både med voile og karakorum krokar og merkar ingen vesentlege forskjellar.
Og ikkje høyr på ridge, det er ikkje noko problem å skaffe seg eit godt splitboard setup for langt under den prisen!
Lukke til!