Har hatt mine fyrste turar på Moderskipet og kan melde om at dette er noko av det råaste eg har vore borti. Sjølv er eg 196 på strømpelesten og nokre kilo over 100, slik at det bør vere noko stivt og langt under føtene som eg kan dra på med. Mothership passar meg perfekt. Stiv som få, liten "early rise" og kan mosa over (nesten) alt. Bonusen er at grafikken ser så fin med ut at du kan bruka den som hylle på hytta etter etter endt levetid. Ankepunktet er at den er noko tung. Eg har sett den opp med Duke, men reknar med at det ikkje blir lange toppturar med desse. Funkar faktisk godt i bakken også. Du kan forresten like gjerne kjøpa 08/09 modellen grunna ingen endringar på 10/11-modellen, med unntak av grafikk. Kjøpe mine hjå Sporten Beitostølen til vanvittige 3500 kr.