Bra tråd dette her. Godt siste innlegg Ole Kr. Bra med litt praktiske erfaringar.

Mht utstyr og og prioriteringar, dersom eg hadde dårleg med peng og må prioritera så ville eg tatt eit skredkurs fyrst og så kjøp skredsøker etterpå (basert på egen erfaring). Skredkurset lærar deg om snø, vind, rutevalg, planlegging av tur i forhold til vær etc etc i tillegg til søk og finn. Å kunne lesa terreng og snøforhold burde ligga i bunn når du legg ut på tur. Over halvparten av folk eg kjenner som har søker har lite aning om korleis dei skal bruka den eller kvar/når det går skred. Beste komboen er kunnskap og søker! Går ein del med folk som ikkje har søker, går heilt fint ein må bare stå på trygge plassar (som ein gjer om ein står med søker...).

Leste over at dersom du ferdes i skredfarleg terreng så bør du ha søker. Det er vel og bra men ferdes eg i skredfarleg terreng så snur eg...

Er du på fjellet og ser at det har gått mindre skred og likn. så ta turen bort (forutsatt at det er trygt) og sjå på bruddkant, underlag o.l. Slikt lærar ein mykje av.