fyrst vil eg seie at dette var eit veldig bra innlegg, og at det er mange som bør ta dette til seg, av både ferske frikjøyrarar og dei som er meir erfarne.Sjølv jobbar eg i ski-patruljen i Myrkdalen Fjellheisar i Voss Fjellandsby og det eg ser og høyrer på jibb er både bra og skremmande. Mange har stor respekt og forhøyrer seg før dei bevegar seg ut av løypenettet mens andre ser ut til å ha hovudet godt planta under armen. Har eit intrykk av at mange gløymer at dei er på fjellet når dei er i skianlegg.
Sjølv vil eg påstå at eg har relativt god kunnskap om skred, gjennom jobb, skule, mykje skikøyring og fleire kurs og har alltid hatt stor respekt og vist forsiktighet for fjellet. Men for ei god veke sian fekk eg meg ein kjempe tankevekkar då eg blei tatt av eit relativt lite skred, men på ein veldig ugunstig plass. Eg var klar over at det var ein av dei dagane som kunne være nifse, fint vær 5-10cm snøfall om natta med ein del vind. Eg løyste ut eit mindre flak på maks 10 cm då eg bevega meg inn i sida eg ville køyre og vurderte det som at det var små sjangsar at det ville ligge meir snø enn dette der eg ville køyre, noko som viste seg å være både rett og galt. I fyrste svingen løysna eit skred på ca 30-40 m breidde og med opp mot 40 cm bruddkant. Eg fekk meg ein real husketur på ca 150 m før skredet stoppa ettersom det ikkje låg noko snø etter akkurat denne spoten og skredet fekk ikkje bygd seg opp, heldigvis!
Før eg køyrde viste eg det var småskummelt, men alikevel kjøyrdte eg noko eg har forbannt meg på i etterkant. Noko som har blitt sagt mange gonger før, at er ein litt i tvil så la vær! Dette fekk eg på alvor erfare som ein opplevelse som IKKJE var spesielt behageleg. Å føle at ein kjempar for å overleve i noko ein ikkje har kontroll over er rett å slett uberkjip.I tillegg var dette eit relativt lite skred og tanken på å være i noko større gjer meg kvalm etter å ha fått kjent desse kreftene på kroppen.
Ettersom alt gjekk bra ser eg på dette som ein bra erfaring og ta med seg og god lærdom.
Går ein inn på www.snowporn.no under blogg på menyen ligg det ein headcam video av skredet.
Ha ein strålande vinter , men ta med hovudet på fjellet:)