Ein har sjølvsagt lov å vere litt misnøgd, Escimo. Men ein må ikkje gløyme at Strandafjellet har relativt billige dagskort, du finn sjeldan dagskort for under 300 kr i Norge. Og du kan i tillegg få sesongkort for drøye 3000 kr, og då får du med fire andre anlegg i slengen. Er det mange andre anlegg i Norge som kan tilby så gode tilbod?

At det er litt småtrøbbel no i starten av sesongen er også svært vanleg, dette brukar ofte å gå seg til utover sesongen, og erfaringsmessig går heisene fint i løpet av vinteren. Eg har lite å klage på der og.

Og at kunde-servicen er dårleg på vestlandet meiner eg rett og slett er feil. Booun eg skjønar ikkje kvar du har fått så dårleg intrykk, men alle dei eg har snakka med har våre hyggelege og hjelpsomme. Hugs at ein må vere høfleg sjølv for å få god hjelp.

Men vi kan jo håpe på ny ekspressheis til Roaldshorn, men då kan eg ikkje love førstespor i Blådalen!