Etter snart 20 år bruk ymse Gore-Tex plagg, har eg fått litt erfaring. Pactlite er til sitt bruk eit fantastisk produkt. Men det er ikkje so godt eigna til vinterbruk ski-toppturar med høg aktivitet. Slitesyrken kan vere ein ting, men problemet etter mitt synspunkt er den heilt glatte overflata på insida av plagget. Den absorberar ikkje fuktighet i det heile slik feks XCR gjer. Det blir mykje synleg fuktighet på insida av plagget og du føler deg våt. Dette er ikkje so stort problem i sommarhalvåret.(kondensering). Var til fjels i helga i nordvest kuling med snøbyger. Brukte Norrøna Nansen Pactlite jakke og Falketind XCR bukse. Jakka blir veldig våt på insida, buksa er tørr. Pusteeigenskapane er vel omlag den same på Pactlite kontra XCR. Men til slutt, Pactlite er til sitt brukt eit bra produkt.