Forrige tråd
Neste tråd
Print tråd
Breimselva
#1235 21/05/2009 2:19 PM
Registrert: May 2011
Innlegg: 14
hunden Offline OP
Fersking
OP Offline
Fersking
Registrert: May 2011
Innlegg: 14

Konsesjonssøknad lagt inn til NVE på Breimselva. Her er det nydelig padling som står i fare for å forsvinne.http://skjema.nve.no/NVE-saksdokument/200901128-2-380258.pdf


Takk
hunden #1236 22/05/2009 2:46 AM
Registrert: May 2011
Innlegg: 14
hunden Offline OP
Fersking
OP Offline
Fersking
Registrert: May 2011
Innlegg: 14

Takk for støtte, og lykke til med nybyrjarkurset! Du får nok eit kjempegøy kurs på Voss!

For alle padlarar som ikkje berre vil hucke demningar i framtida: Straum er så dyrt no om dagen at utbyging av sjølv dei minste elvene er lønnsomt. Difor er det viktig at ein er på vakt og sjekkar http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/ no og då. Her kan du lese om konsesjonar til høring og søknadar som er inne til behandling. Om du er elvepadlar bør du legge denne sida inn som startside, for før eller seinare kjem dei for å ta elva di. Frå denne sida kan du (eller klubben din) også sende inn høringsuttalelse der du får fortelle NVE at elva vert nytta til elvepadling, -noko dei som søker konsesjon sjeldan bryr seg om å nemne. Det nyttar seie ifrå. Skriv saklig og argumenter godt, så kan det hende at uttalen din blir hørt!


Støtter deg 100%
hunden #1237 22/05/2009 1:00 PM
Registrert: May 2011
Innlegg: 11
Fersking
Offline
Fersking
Registrert: May 2011
Innlegg: 11

Det er forferdelig at de begynner gjøre om småelver til kraft. Vi kan ikke tilate det! men hva kan vi gjøre? Send klage? Er det nok?Ser også en søknad for Sagelva i voss. Har ikke padlet der selv, men har sett/ og hørt at det er en fantastisk elv. http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=4201&stadium=&type=11


Padle mykje og klage i tide.
hunden #1238 22/05/2009 5:15 PM
Registrert: May 2011
Innlegg: 14
hunden Offline OP
Fersking
OP Offline
Fersking
Registrert: May 2011
Innlegg: 14

Vi må vise at elvene vert nytta av elvepadlarar. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å redde kvar einaste bekk, men dei viktigaste elvene kan og må ein kjempe for!

Den viktigaste fasen å engasjere seg i er når konsesjonen er ute til høring. Då kan alle som har innvendingar mot utbygging av eit vassdrag legge fram dokumentasjon og motargument. Ta med kamera på padletur og dokumentér! Det kan vere hjelp å få frå eventuele lokallag av naturvernforbundet også.

Klikkar du deg inn på enkeltsakene som ligg ute til høring, kan du forholdsvis raskt og enkelt sende ein høringsuttale ved å bruke nettskjemaet nederst på sida.


Storelva
hunden #1239 23/05/2009 1:21 PM
Registrert: May 2011
Innlegg: 18
Fersking
Offline
Fersking
Registrert: May 2011
Innlegg: 18

Berre ein liten opplysning. Det som her blir kalla Breimselva heiter opprinneleg Storelva. Denne elva står allerede i den tysk/engelske guideboka til J.Klatt og O.Obsommer (guidebibelen for alle elvepadlara) . I den boka er det minst to bilder frå elva. Deler av elva dvs første fossen i denne elva er allerede i ferd med å bli utbygd. Har padla denne elva nokre gonger og tatt ein del bilde. Eg kommer til å sende desse bilda til NVE for å dokumentere bruken av elva. For igjen ser ein at elvepadling ikkje er nevnt overhode som ein del av aktiviteten som er i eller ved elva av utbyggarane.Blir denne elva utbygd har Breim som tettstad regulert samtlige elva i bygda si (4 stk).



Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå