Forholda dei to siste dagane har vore fantastiske. Sol, vindstille og deilig snø. Det er i år mindre snø enn vanlig, men no tidlig på sesongen er det null problem. No er det snø overalt, men det varer nok ikkje lenge. Men det holder såklart til neste helg og. Veldig lite folk denne helga. Har ikkje stått i kø en einaste gang på dei to dagane eg har kjørt der no, og møter nesten ikkje folk i "løypene" heller. Men vi få som har kjørt har fått spora bra opp. Så skal du ha urørt snø, så må du gå litt. Ølla på Folven har eg ikkje smakt på enda, mykje på grunn av at det har vore lite folk på puben/campingen. Men neste helg er Folven fullbooka, så då blir det folksomt både på puben og fjellet. Som du sikkert veit så har kun stolheisen vore åpen denne helga, men dei jobbar for fullt med fjellheisen, så den er nok åpen til neste helg.

La oss håpe på fint vær og god øl neste helg.