Takk for støtte, og lykke til med nybyrjarkurset! Du får nok eit kjempegøy kurs på Voss!

For alle padlarar som ikkje berre vil hucke demningar i framtida: Straum er så dyrt no om dagen at utbyging av sjølv dei minste elvene er lønnsomt. Difor er det viktig at ein er på vakt og sjekkar http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/ no og då. Her kan du lese om konsesjonar til høring og søknadar som er inne til behandling. Om du er elvepadlar bør du legge denne sida inn som startside, for før eller seinare kjem dei for å ta elva di. Frå denne sida kan du (eller klubben din) også sende inn høringsuttalelse der du får fortelle NVE at elva vert nytta til elvepadling, -noko dei som søker konsesjon sjeldan bryr seg om å nemne. Det nyttar seie ifrå. Skriv saklig og argumenter godt, så kan det hende at uttalen din blir hørt!