Eg forstår godt at det kan bli forvirrande, har blitt overraska fleire gangar sjølv, og målt på nytt og på nytt. Völkl Supersport Allstar har eg f.eks målt 5 gangar, rett og slett fordi kurven vart så merkelig, (kjem i neste nummer).
Eg er nok den som er aller mest redd for at desse kurvane skal være uriktige, og har tatt mange forholdsreglar for å sikre meg mot at dei skal være det. For eksempel: stivleiken blir målt på ca 15-18 punkt (kvar 10. cm) i kvar ski. Dersom det (gud forby)skulle oppstå ein feil i testutstyret, vil dette kun skje på eit punkt om gangen, og slik avsløre seg sjølv med ein gang. Dersom eg får mistenkelige avvik som at skia kjennes ulik frå testresultatet, at flekskurven avvik veldig frå det som er vanlig for merket eller at kurven er veldig ujevn, blir skia testa på nytt. Til no har alle omtestingar enten hatt ei naturlig forklaring eller gjenntatt kurven med under 2,5%feilmargin.
Eg trur ikkje ein skal undervurdere effekten av mjuke tuppar ved manuell flekstesting. Fujative er ei av dei skia eg har testa fleire gangar, fordi denne kurven avveik så mykje frå normalen til K2.
Set pris på tilbakemelding, og tek gjerne imot forslag til korleis vi kan gjere skitestinga enno betre.