Hello Bajjah! Sklia padleklubb har ikkje båtar som klubben leiger ut, men vi skal sjølvsagt greie å trylle fram ei skute til deg om du vil henge deg med å prøve elvepadling! Det er god dugnadsånd i klubben, og sidan ikkje alle medlemane padlar på samme tid så låner vi villig vekk utstyr slik at nye padlarar får prøvd seg. Vi skal sette opp eit nybyrjarkurs i klubben veldig snart, så om du sender ein mail til ned@sklia.no med namn og telefonnummer så skal vi ta kontakt om når det blir og kva det vil koste. (Det blir ikkje mange kronene)
Når det gjeld båt så er det rett at du ikkje må kjøpe ein playboat. Eg veit at øyvindandre som har svart deg over dette innlegget har ein Dagger Mamba til salgs. Den er i topp stand, så du kan jo sende ein ff-mail og høyre på pris med han.
Me sjåast! Øyvind