Hei! Eg sende deg ein mail tidlegare vedr. Stormrider xxl. Fekk prøva dei i pudder i Myrkdalen sist helg. Må berre seia at skia overraska meg positivt her til å vera såpass smal under midten. Denne skia kan ein trygt dra ut i pudderet med. D som også var bra med dei, var at dei let seg knapt påverka av at d vart oppkøyrt/kryssande spor. Skia er trygg og stabil. Du skriv at du vil ha ski til sånn ca. 70/30 bakke/pudder, og at du kører mykje store svingar. Kan ikkje tenkja meg anna enn at Stormrider xxl kan og vil vera ei ski du bør kikka nærmare på. Det er rett og slett ei knall all-mountainski. Kan skriva dette no sidan eg har prøvt dei under ulike forhold sidan i vår. Helsing Gjest