Takk for tipsa.

Eg pussa bort gammalt lim og ujevnheiter i limflata og vaska/avfetta med aceton. Borra hull til popnaglane først, maskerte med bakepapir og maskeringsteip, sausa på med mykje epoxy og klemte ut igjen mesteparten når tvingene kom på. Jepp, ganske grisete greier... Brukte mange tvinger og smale klossar slik at det fulgte bøyen på tuppen. Monterte på popnaglane før limet tørka og no står det heile og herdar.

Har fått eit ganske sentimentalt forhold til desse skia, så vi får håpe at dette gjer susen... :cool