Hei,
me må beklage dette tilfellet. Planen var å lage eit spesialhopp lenger oppe i anlegget, slik at parken øvrig ikkje blei påvirka av filmshootet. Men, pga. dårlege snøforhold, såg me etter nødløysningar, og valgte å bygge om bigjumpen. På grunn av storleiken (sikkerhet) og at hoppet blei brukt til filming kvar dag, valgte me å halde det stengt til og med lørdagen. Søndag og mandag var det opent.
Slitasjen på snøen som var i ferien blir veldig stor, og det er ikkje sikkert det ville vore mogleg å få retta dette opp kvar kveld.
Grunnen til av Se Vest-folka fekk hoppet for seg sjølv, er at Eikedalen er inne som sponsor. Filmen blir veldig bra, og dette blir som ein introduksjon til parksesongen 2010/2011, som ser ut til å bli tidenes beste.
MvhEirik UlltangParksjefEikedalen Skisenter