Alle railane har stått oppe ei stund, men kinken har vorte flytta. Men plasseringa er litt vilkårleg ja, og ikkje heilt optimal...
Det er ikkje den mest gunstige staden å ha eit hopp på nei, men hoppet i seg sjølv er ikkje so ille. Når det gjeld C- og S-boksen, so har du rett i at C-boksen er svært rusta (låg ute i heile sommar trur eg...), men S-boksen har knapt nok ein rustflekk.
Er og einig når det gjeld heisen. Det er ikkje den beste staden å ha ein park på, men når det er for lite snø på Slettafjellet, so er det ikkje anna å gjere med det.
Dei fiksa ein del på parken sist veke (flytta kinken, shapa boksen på ny og laga nye hopp til flatbaren, C-boksen og S-boksen), og det har vorte ein del betre.
Dei bør skjerpe seg, ikkje tvil om det, men akkurat no er det faktisk ikkje so ille...