Ein fakie 180 er å køyre baklengs inn på hoppet og rotere 180°. Fakie vert i skisporten brukt (tilnærma) synonymt med switch, og tyder ganske enkelt å køyre baklengs.
I skating, der uttrykka kjem frå, tyder dei to forskjellige ting, og det er dei som seier at ingenting på ski kan vere switch (eller fakie, hugser ikkje heilt), på grunn av måten ein står på og kva veg ein køyrer eller noko slikt (eg er ikkje heilt trygg på området, so dei som kan dette betre enn meg får berre rette/utfylle meg).
Å sjå landinga i lufta er fornuftig for å ha kontroll når du lander.