Eg starta å surfe i Juni i år og har vore ivrig i sommar.
Eg "lærte" meg å ta bølger og stå med eit 8,3" Bic brett. Veldig god oppdrift, lett å padle og stødig og tåler kva det skal vere.
Då eg skulle investerte i brett sjølv enda eg med ein minimal på 7,6 og har vore OK nøgd. Var på Stad i helga og der var det 2-3 meter bratte bølger og eg med mitt dugleisknivå sleit både med å kome meg ut og med å ikkje gå på tryne kvar gang eg fekk ei bølge pga det stuka nedi bølgedalen. Så sit litt med den "fugl eller fisk" beskrivinga som vert gitt over. Men på same tid er det vel berre å øve meir så fiksar ein vel det til slutt 
Eg er ikkje vledig erfaren, men synest kanskje 9" vert i lengste laget. køddent å bære, tar masse vind i det, tungt å kome seg ut gjennom breaken med det osv... Syntes 8,3 var ei veldig god startlengde for meg med 173cm og 70kg...