Sitat Barbora:Cannon 5d et eller anna
Canon 5D Mark II. Vert forøvrig brukt av Provo-brødrene i ma.
denne filmen. Prisen er sjølvsagt ganske høg -- Japan Foto har det med ein normalzoom for 28 000kr. Det er i tillegg langt frå det minst av speglreflekskamera.
Om videofunksjon er eit krav, har du nokre fleire alternativ:Pentax K7, Canon EOS 500D og Nikon D300s er dei eg kjem på for augeblikket.
Sjølv har eg eit Pentax K10D som eg er godt nøgd med, og då eg har lest mykje positivt om K7 kan eg trygt anbefale det. Trur det koster rundt 10-12000kr. Prisen på dei to andre veit eg ikkje, men trur 500D er litt billegare, og D300s litt dyrare.
Det rt òg lettare å kome med forslag om du spesifiserer kor stort budsjett du har.
Men når det er sagt:Alle speglreflekskamera du får i dag er gode kamera, som gjer gode bilete. Ofte kan brukaren og objektivet vere eit større hinder enn huset. Om du bur i nærleiken av ein fotobutikk eller to, stikk innom og ta litt på aktuelle kamera. Det er ein fordel om du kjøper eit kamera som ligg godt i dine hender.